– Vi ynskjer ein enkel tiltakspakke med fire til fem punkt der vi gjennomfører nokre konkrete tiltak mot plastforureinsing, seier kommunestyremedlem Marit Aklestad.

Det er gjennom ein interpellasjon at Aklestad kjem med forslaget på vegner av Ørsta SV.

– Nokre vil kanskje seie at dette er symbolpolitikk. Vi meiner at det ikkje er det. Alt vi foreslår er gjennomførbart, det vil ha effekt, og det gjer folk medvitne, seier leiar i Ørsta SV, Magnar Hjertenæs.

Mellom anna foreslår SV at det vert etablert oppsamlingsutstyr for gummigranulat ved kunstgrasbanene i kommunen.

– Dette som eit mellombels tiltak inntil alternativa til gummigranulat er på plass, seier Aklestad.

Vidare vert det foreslått å redusere bruken av unødvendig plast i kommunale verksemder, som eingongskrus og plastbestikk.

Og det vert foreslått at kommunen skjerpar rutinane på brøytestikkene, der det etter SV si meining er altfor mange brøytestikker som vert liggjande att langs vegane etter at dei vert samla inn om våren.

SV presiserer at tiltaka både gjeld kommunen som ei stor offentleg bedrift, men også som ei geografisk eining.

– Aksjonane i vår viste oss at innbyggjarane, det offentlege og private verksemder kan samarbeide om tiltak mot plastforureinsing. Men kommunen som ei stor verksemd må gå føre, seier Aklestad.

I interpellasjonen vert det peika på at plastforsøpling og mikroplast i havet er i ferd med å verte eit av dei store miljøproblema.

– Folk vil gjerne gjere ein innsats for å få bukt med problemet, og nasjonalt vert det no foreslått fleire tiltak, seier Aklestad i interpellasjonen.

Konkret spør ho ordførar Stein Aam om kommunen vil ta initiativ til at kommunen lagar ein enkel tiltakspakke med lokale tiltak mot plastforsøpling.

I forslaget til vedtak heiter det at kommunestyret ber om å få lagt fram ein enkel handlingsplan mot plastforsøpling innan utgangen av 2018.