Det var Hjørundfjord sokneråd som tok initiativ til barnefestivalen, og fem kor var inviterte til å delta.

Det var Hjørundfjord barnekor, Ørsta Soul Children, Non-stop frå Volda, PopKorn frå Vartdal og DesiBelle.

– Eg er så glad for å sjå ei fullsett kyrkje, helsa sokneprest Espen Aarseth då han ynskte alle velkomne.

For i tillegg til åtti songarar var det mange foreldre, sysken, venner og kyrkjelyden elles som møtte til festivalgudstenesta.

– Det er kjekt å sjå så mange på ein barnefestival, sa dirigenten til Hjørundfjord barnekor, Marie Austrheim Riise, då ho og koret innleidde festivalen. Som vertskor fekk Hjørundfjord barnekor opp stemninga, og fekk heile kyrkjelyden med seg på «oppvarmingsøvingar» med allsong og litt gymnastikk.

Ekstra spente var nok PopKorn frå Vartdal. Under leiing av dirigent Vencke Vartdal Leite var det ein av dei fyrste gongene koret song offentleg, for dette koret er nystarta.

Men saman med dei andre kora fekk dei til ei fin og laussleppt stemning i kyrkja.

Heldigvis var det fint ver søndag. Då kunne folk kose seg i og utanfor bedehuset etter konserten.

Under konserten var det eit særskilt søkjelys på Nepal og organisasjonen HimalPartner som kyrkjelyden i Hjørundfjord støtter. Dei er ein bistandsorganisasjon som hjelper til i Nepal og Himalaya-området, mellom anna med ingeniørar. Det vart samla inn pengar til denne organisasjonen.

Ørsta Soul Children. Foto: Rune Sæbønes