I utviklingsplanen for Ørsta sentrum ligg den nye fleirbrukshallen i endepunktet på Idretts- og utviklingsbandet.

– Dette bandet strekkjer seg frå rådhuset, forbi kulturhuset og den komande vidaregåande skulen og hit. Ein aktivitetspark i området her er ein del av tettstadstenkinga med å skape aktivitetsrom og -flater i ulike stadar i sentrum, seier prosjektleiar Gunnar Wangen i arbeidsgruppa for aktivitetsparken.

– Må sjåast i samanheng

Ideen om ein aktivitetspark ved Ørstahallen kom frå Ørsta ungdomsskule, Velle skule og Vikemarka skule.

– I samband med sentrumsutviklinga skal ikkje dette området konkurrere med Vikeparken og Vikegata, og områda må sjåast i ein samanheng. Vi er opptekne at dette skal gje stor aktivitet både på dagtid og kveldstid, og at det vil vere eit område for uorganisert aktivitet. Det er eit fantastisk flott område for ein aktivitetspark, seier kroppsøvingslærar Einar Myrold ved Ørsta ungdomsskule. Han understrekar at det vår, sommar og haust er over 1.000 elevar som kan nytte området mellom klokka ni og halv tre.

Rammer

Arbeidsgruppa har fått styringssignal om å ikkje ha for høge ambisjonar for prosjektet, men at det skal etablerast nokre sentrale funksjonar.

– Vi har langt på veg ein konklusjon på rammene for kva som skal gjerast. Det har vore snakk om etablering av skatepark, ein type Tufte-park og ei ballspelflate for aktivitetar som basketball, handball, badminton og liknande. Det har vore diskutert ei frisbeegolfbane i området, seier Wangen.

I dag er sandvolleyballbana i området allereie mykje brukt på kveldstid, men med ein aktivitetspark er tanken at det vil bli endå større aktivitet i området.

– Det er mange brukarar i fleirbrukshallen og i ungdomsskulen, men området er såpass nære sentrum at det vil vere eit heildøgnsope tilbode for både vaksne og unge.

Grovramme

Eit mål no er å få på plass ei grovramme for det arbeidsgrupper ønsker skal realiserast. Det er tankar om at starten på ei realisering kan startast i år, men det er ingen lovnader om det.

– Det vi kjem fram til no må vere grunnlag for behandlinga av neste års budsjett, seier Wangen.

Skisse: Skulane har fått utarbeidd denne skissa over parkområdet. Det er ønske om utmykking på veggen av Ørstahallen. To av symbola skal representere rørsle og det siste samhald.

Ønsker meir aktivitet

Ungdomsskulen ser behov for eit aktivitetsområde.

– Vi ser at vi får eit veldig fint område mellom den nye hallen og skulen. Å få oppgradert dette området og få endå meir aktivitet som noko som vi svært gjerne ønsker, seier rektor Marianne Solbjørg Ose ved ungdomsskulen.

Idrettsrådet stiller seg og bak planane om aktivitetspark.

– All aktivitet nær idrettsanlegga vil vere positivt, og dette er eit stort pluss, seier Gunnar Knutsen i Ørsta Idrettsråd.

– Best i landet

Eit større nettverk av turstiar er og planlagt i Ørsta.

– Dette området vil henge saman med turstiane. I tillegg vil det vere universelt forma ut slik at alle kan vere deltakande på området. Viss vi får ei positiv innstilling til desse planane vil vi dette området ha ein idrettspark, Ørstahallen, eit fylkesanlegg i friidrett, eit fotballanlegg. Ungdomsskulen har sin sykkel og skistall i tillegg til spinningsal. Kan vi sjå dette i samanheng så er vi ikkje berre best på Sunnmøre eller i fylket, men då er vi faktisk best i Noreg, seier Myrold.