– Her har det vorte nytta avansert teknologi for å få det heile til, seier faglærar Finn Roth ved industriteknologi-lina.

Dette var den siste jobben elevane ved industriteknologi-lina gjorde før dei etter sommarferien skal ut i læretid. Dei fleste har fått lærlingplass.

– To skal vere hos Brunvoll Volda, ein skal vere hos Sibelco på Åheim, ein hos Ulstein verft, ein hos Ekornes og ein hos Bakkesmia. Nokre er i desse dagar på jobbintervju, og to har bestemt seg for å ta allmennfagleg påbygging, seier Roth.

Han fortel at oppdrag slik elevane fekk frå Sæbø D/S Ekspedisjon er nyttige. Det kan høyrest enkelt ut å lage ei bålpanne, men elevane har nytta avansert teknologi for å få fram det ynskte resultatet.

– Elevane har teikna og formgjeve bålpanna på ein pc. Der har dei også programmert korleis bokstavane skulle skjerast ut. Vidare har det vore å nytte maskinar til å skjere ut bokstavane, og dessutan avansert sveisearbeid. Det har vorte ei heilt spesiell bålpanne, som berre hadde vore mogleg å lage med å nytte avanserte digitale verktøy, seier Roth.

Det er elevane Chris Oliver Torvik og Håkon Staurset som har hatt hovudansvaret for prosjektet.

– Og så har dei andre elevane hjelpt til når det har vore naudsynt, seier Roth.

Han har hatt oppsynet med arbeidet saman med Per Tore Måen.

Sæbø D/S Ekspedisjon

For gjengen på Sæbø D/S Ekspedisjon har arbeidet frå elevane ved industriteknologi-lina vore kjærkome. Det vert planlagt mange uteaktivitetar ved den gamle kommunebygningen på Sæbø, eller «Dampen» som lokala vert kalla. Med ei stor bålpanne vert det høve til både å lage mykje mat, og å halde varmen på kanskje litt kalde sommarkveldar.