Søknaden frå Småkraft AS er no ute til høyring, og med høyringsfrist til 31. august.

Kraftverket skal ha ein årleg middelproduksjon på 12,2 GWh, noko som svarar til forsyning av kraft til 600 husstandar. Kraftverket vil utnytte fallet i Nøvedalselva mellom kote 375 og 60. Kraftverket vil nytte eit nedbørsfelt på 6 kvadratkilometer. Ved inntaket skal det byggjast ein ti til femten meter lang og tre til fire meter høg betongterskel. Vassvegen vert 1050 meter lang, og vert utført delvis som nedgraven røyrgate og delvis som mikrotunnel. Kraftstasjonen skal stå ved Standal knuseverk sitt område.

Småkraft viser til at Nøvedalselva i dag ikkje er påverka av regulering eller andre utbyggingar med bruk av vassressursane i elva. Elva er ei sideelv til Standalvassdraget, eit vassdrag som i dag har to kraftverk, Daleelva og Standal kraftverk. I tillegg ligg Øyadalen kraftverk sju kilometer unna i Follestaddalen.

Inntaket vert plassert nedanfor dei synlegaste fossane i Nøvedalselva.

– Dette er gjort for å redusere dei negative verknadene Nøvedalselva har som landskapselement. Fossane over inntaket er dei som er synlege frå Hjørundfjorden, slik at turismen langs Hjørundfjorden såleis ikkje vil verte har, heiter det i søknaden frå Småkraft AS.

Selskapet meiner ei utbygging vil ha positive verknader for samfunnet.

– Dette gjeld mellom anna lokal kraftforsyning, redusert utslepp av CO2, oppfylling av vedtekne klimamål, lokal verdiskaping, lokale ringverknader og kommunale og nasjonale skatteinntekter, heiter det i søknaden.

Mest av alt meiner Småkraft AS at utbygginga vil gjere det enklare å drive jordbruk og få busetjing på Storestandal.

– Det siste året har to barnefamiliar flytta til området. Eit kraftverk gjev grunneigarane økonomiske musklar til utbetring og utviding av eksisterande bygningar, som igjen fører til positiv utvikling i nærområdet, heiter det frå Småkraft.

Det er gjort avtale om leige fallrettar frå ti grunneigarar.

Ulempene ved utbygginga er noko redusert vassføring i Nøvedalselva, støy og uro i anleggsfasen, synlege inntaktskonstruksjonar og generelt inngrep i naturen.