Det melder Ørsta kommune på sine heimesider. Bygginga av den nye bussterminalen går føre seg for fullt, og området er framleis eit anleggsområde. For å ta neste steg i utbygging vil det bli eit nytt køyremønster. Inn- og utkøyring vert no frå rundkøyringa, medan vegen ved Ørsta Taxi vert no stengd.

- Vi oppmodar dei mjuke trafikantane om å være oppmerksame på omlegginga. Området vert skilta, heiter det frå kommunen.