Rekneskapen for januar til april for Ørsta kommune viser eit meirforbruk på 6,2 millionar kroner samanlikna med budsjettet for perioden. Årsprognosen syner eit meirforbruk på 1,1 millionar kroner.

Rådmannen meiner i rapporten at kommunen har god økonomistyring og kontroll over utgiftene.

– Seksjonane og økonomistaben har lagt ned eit stort arbeid med å få prognosen for heile året så rett som vi greier per dato. Det vi presenterer er likevel eit overslag, kommenterer rådmannen.

Ho ber politikarane vere budde på at det kan kome uventa hendingar i løpet av året.

Prognose

– Vi må difor ta høgde for at det kan kome til å skje uventa hendingar i løpet av året som gjer at dei endelege rekneskapstala vert annleis, seier rådmannen.

Ho poengterer at administrasjonen har fått ei viss rutine i å setje opp slike prognosar, og at det difor er håp om at denne vil stemme bra.