Ny kommunelege i Volda og Ørsta:

– Eg ville ha full jobb

Onsdag denne veka er Inger Lise Kaldhol på plass som ny kommunelege i Volda og Ørsta. Ho har vore kommunelege i Ulstein sidan 2011.

ny jobb: – Det er lett å seie den viktigaste grunnen til at sa ja til jobben i Volda/Ørsta: Eg hadde lyst på ei 100 prosent stilling, fortel Inger Lise Kaldhol. Ho har vore kommunelege i Ulstein sidan 2011.   Foto: Linda Eikrem, Vikebladet Vestposten

Nyheiter

(Vikebladet Vestposten) – Det er lett å seie den viktigaste grunnen til at eg sa ja til jobben i Volda/Ørsta: eg hadde lyst på ei 100 prosent stilling, seier Kaldhol.