Brevet er ein sterk argumentasjon for å unngå at området Bjørke vert flytta over til Nye Volda. Brevet er underskrive av ordførar Stein Aam (Sp), Karen Høydal (Ap), Jostein O Mo (Ap), Hans Olav Myklebust (Frp), Paul Kristian Hovden (KrF), Gunnar Knutsen (V) og Synnøve Rekkedal Hill (Sp). Høgre sine to medlemmer i formannskapet nekta å skrive under på brevet. Bakgrunnen er at Høgre meiner brevet inneheld feil påstandar knytt til kommunesamanslåingsprosessen.

Gruppeleiar Per-Are Sørheim seier at Ørsta Høgre har stilt seg bak eit samla kommunestyre om at Bjørke-området også framover bør vere ein del av Ørsta kommune.

Feil påstandar

– Vi har også stilt oss politisk disponible for å fremje dette synspunktet, og at det har vore opp til ordføraren å koordinere den prosessen. Det vi derimot ikkje kan stille oss bak er eit brev med feilaktige påstandar knytt til kommunesamanslåingsprosessen. Det vart eit klart nei-fleirtal i Ørsta, og ifølgje ordføraren var dette ein stor politiske siger både for han, Senterpartiet og andre. Det å prøve å gjere om dette til at den politiske leiinga i Ørsta var tilhengar av kommunesamanslåing fram til Volda inngjekk intensjonsavtale med Hornindal, er direkte feil, seier Sørheim.

– Det å prøve å selje inn ein bodskap om at tidlegare kommunesamanslåings-motstandarar no er positive til ein storkommune på Søre Sunnmøre i «neste fase» av kommunereforma er også høgst tvilsamt, meiner Sørheim.

Han gjer det klart at Ørsta Høgre ikkje er usamd med intensjonen i denne vurderinga, men meiner at det per dags dato ikkje er realisme knytt til desse planane, og det vert reint spekulativt å argumentere for dette i eit brev til departementet.

– Dersom det er slik at ein no vurderer dei økonomiske utfordringane ved å stå åleine, og eventuelt også misse Bjørke-området, som så store at Ørsta ikkje vil klare seg, så er det underleg at ein ikkje i større grad har undersøkt moglegheitene for å ta opp att dialogen med Volda. Her vel ein å halde seg til utsegn frå leiaren i fellesnemnda for nye Volda kommune om at Ørsta ikkje kan kome med grunna kapasitetsmessige årsaker, seier Sørheim.

Dersom eit samla politisk miljø i Ørsta no innser at ein ikkje lenger kan stå åleine grunna dei økonomiske konsekvensane, så meiner Per-Are Sørheim det er eit politisk ansvar å ta opp dialogen med Volda slik at ein kan arbeide for å betre økonomien og tenestetilbod til innbyggjaran.

– Det er også vårt ansvar å sikre at kommunen sine verdiar kjem innbyggjarane i Ørsta til gode. Dersom det grunna svak politisk handsaming endar opp med at store verdiar vert overførte til Volda, då har vi ikkje gjort jobben vår. Det er også vår jobb å sørgje for å finne ei god løysing for «alle» innbyggjarane på Bjørke. Det gjer ein best ved å samla gå inn i ein ny felles kommune, meiner gruppeleiaren.

Konfliktnivå

Sørheim meiner det er destruktivt å spisse konfliktnivået, slik han hevdar vert gjort i brevet til departementet, ved å peike på at ei avgjerd teken av departementet vil føre til eit dårlegare samarbeidsklima lokalt.

– Det styrker ikkje saka, meiner Sørheim.

– Ørsta Høgre har ikkje sansen for det negative politiske spelet som har vore etter at intensjonsavtalen mellom Ørsta og Volda vart lagt fram. Det var etter vårt syn avgjerande for at utfallet vart det det vart. Når vi no, få år etter, byrjar å sjå dei langsiktige konsekvensane av vedtaket vårt, så bør både politikarane i Ørsta og Volda no gjere ei ny vurdering av kva som er til innbyggarane sitt beste. Ørsta Høgre sitt råd er at vi no vel dialog som strategi framover, seier Sørheim.

Fryktar

– I Ørsta Høgre så fryktar vi at brevet som er sendt er meir til skade enn til gagn både når det gjeld avgjerda i departementet og dei langsiktige relasjonane mot Volda.

Ordførar Stein Aam seier han tek til etterretning det Sørheim seier. Og han gjer det klart:

– Eg har ikkje endra syn på kommunesamanslåing, og meiner framleis at Ørsta kan stå åleine dersom inntektssystemet ikkje vert endra så mykje at vi vert skadelidande. Fleirtalet av folket i Ørsta og Volda har gitt eit klart signal om at dei ikkje vil ha samanslåing mellom Ørsta og Volda no, difor er dette ei heilt uaktuell problemstilling i denne politiske perioden, seier Aam og held fram:

– Ein kan like det eller ikkje, men situasjonen er no også slik at regjeringa tvingar kommunar med mindre enn 25.000 innbyggjarar til å gå saman i større kommuneiningar, og langt større enn å slå saman berre Ørsta og Nye Volda. Viss ikkje, vert desse kommunane hardt straffa økonomisk. Eg har ikkje sett noko reknestykke på kva som vil vere gevinsten med å slå saman berre Ørsta med Nye Volda, seier Aam.

I første fase, dei neste åra, meiner han ein bør jobbe for eit endå meir og utvida formalisert og regionalt blokk-samarbeid mellom kommunane på Søre Sunnmøre.

– Vi må innsjå at framtida vert slik at vi får fire store regionar i fylket: Nordmøre, Molde, nye Ålesund med fem kommunar og Søre Sunnmøre. I ein slik situasjon må vi på søre samarbeide tett kommunane i mellom for å vere best mogleg rusta i kampen om det beste for regionen vår.

I ein fase to meiner Aam det kan vere naturleg å greie ut ein mogleg storkommune. Men han understrekar at dette vil ligge ein del år fram i tid og at dette altså vil kunne handle om ei utgreiing.

Ordføraren beklagar at Ørsta Høgre ikkje ville skrive under brevet til departementet.

– På den måten vert bodskapen vår svekka, seier Stein Aam.

Han registrerer at Per-Are Sørheim meiner det er uheldig å peike på at eit konfliktnivå med Nye Volda vil akselerere dersom Bjørke-området går til Nye Volda.

– Viss Bjørke vert overført, og Ørsta taper 15 millionar, er det vel ingen som trur det vil styrke samarbeidet. Dette meiner altså ikkje berre eg, men sju formannskapsmedlemmer som alle står fullt og heilt bak innhaldet i brevet til departementet, seier Stein Aam.

tvinga fram: Ordførar Stein Aam meiner ein storkommune kan utgreiast om nokre år. Foto: Marius Myklebust