smp-no Søre Sunnmøre tingrett har frifunne Tomteservice AS, som var saksøkt av Volda Sanitetslag. Firmaet fekk i fjor vår tilslaget på kjøp av eigedomen til sanitetslaget.

Tomteservice har vunne saka fullstendig, og sanitetslaget er dømd til å betale firmaet sine sakskostnader med knapt 108.000 kroner.

– Sanitetsdamene tar dommen til etterretning og vil no vurdere om dei skal anke, seier advokat Odd Arne Nilsen til Sunnmørsposten.

Fekk ikkje opplysningane

Hovudspørsmålet i saka er om Tomteservice hadde rett til å heve kontrakten. Selskapet meinte dei ikkje fekk opplysningar om Volda kommune sine planar om å plassere eit hovudreinseanlegg på eigedomen, noko som ville kome i konflikt med planane deira om å byggje bustader.

Meklar meinte det var nok at dei på vising opplyste munnleg om kommunen sine planar. Retten meiner det er ei vanskeleg oppgåve å sikre at alle interessentar på denne måten får nok opplysningar. Og dei merkar seg at også ein annan interessent har forklart at han ikkje fekk desse opplysningane då han snakka med meklar.

Uvisse og risiko

Tingretten har kome til at det var ein vesentleg mangel når kjøpar ikkje fekk vite om planane for reinseanlegg på eigedomen. Tomteservice hadde dermed rimeleg grunn til å heve kontrakten, ifølgje retten.

Med den uvisse og risiko det er ved denne eigedomen, meiner retten krava til seljar og meklar er skjerpa.

Saniteten meiner eigedomen var seld «som han er», men retten meiner kontakten sanitetslaget hadde med kommunen var eit særleg omstende som er omfatta av opplysningsplikta. Dei hadde kunnskap om at det var politiske og administrative krefter i kommunen som ville ta initiativ til at eigedomen blei vurdert for reinseanlegg.

Opplysningsplikt før undersøkingsplikt

Ein profesjonell eigedomsutviklar, som Tomteservice er, har likevel streng undersøkingsplikt. Retten meiner firmaet ikkje har oppfylt denne plikta og at dei burde undersøkt nærare i kommunen. Men:

– Når begge partar har brote sine plikter, går likevel seljar si opplysningsplikt før kjøpar si undersøkingsplikt.

Kommunen blei sett på som potensiell bodgivar, som ville ha prisen ned, men retten ser ingen god grunn til å samanlikne kommunen med andre. Dette særleg i forhold til kommunen sin sentrale posisjon for vidare utvikling av eigedomen.

– Då meklar var kjend med Tomteservice sitt utviklingsformål, illustrerer dette etter retten sit syn eit betydeleg tillitsbrot, som talar for at sanitetslaget/meklar har opptredd på ein særleg klanderverdig måte, heiter det i dommen.

Vil gå gjennom dommen med meklar

Advokat Nilsen seier sanitetslaget sjølvsagt vil gå gjennom dommen med meklarfirmaet som dei overlét oppdraget til.

– Det er dei som ifølge retten ikkje har formidla vidare opplysningar, seier Nilsen.

– Men i retten kom det fram at dei hadde konsultert advokat om dette?

– Meklar var i kontakt med ein annan advokat tidlegare i prosessen, utan at det endrar saka på nokon måte, seier Nilsen, som sjølv kom inn i saka då det blei rettsleg prosess.

Meklaren er kjend med dommens konklusjon, men opplyser til Sunnmørsposten at han ikkje har nokon kommentar no, då han ikkje har hatt høve å lese innhaldet.

Saka er først publisert i Sunnmørsposten smp.no