– Det meste av utstyret vert sendt til Den Blinde Ku i dag, og så blir osteformene sendt litt seinare, sa meierisjef Bente Reklev måndag.

Voksegryte og ostestativ er på veg til det brannramma ysteriet frå Ørsta. Det var tidleg i mai at Den Blinde Ku vart råka av brann. Mange har tilbode seg å hjelpe til med nye lokale og utstyr, og Tine har saumfare sine meieri for utstyr som ikkje var i bruk.

– Dette er utstyr som vi har hatt på lager, men som vi ikkje brukar lenger. Du veit aldri kva som dukkar opp, og denne gongen kunne vi hjelpe Den Blinde Ku, seier Reklev.