Elise Stokken, leiar for Ørsta ungdomsråd, brukar gjerne tida si på politisk arbeid.

– Eg vart ungdomspolitikar heilt ufrivillig. Det starta med at eg vart vald inn i elevrådet på ungdoms-skulen mot min vilje. Så vart eg vald inn i Ørsta ungdomsråd, og opplevde at det vart kjempegøy. Eg likar å påverke og å prøve å finne løysingar på samfunnsproblem saman med andre, og her møter eg mange flotte folk. Eg diggar det!

– Ei stor utfordring for unge menneske i vårt samfunn er press av ulike slag. Ruspress, kroppspress, prestasjonspress. Me skal vere best. Å vere nestbest er ikkje bra nok: Eg er ikkje fin nok, ikkje smart nok. Det retusjerte reklamebiletet skaper press. Me veit at det me ser er uekte, men me tek det som ekte; slik bør me sjå ut. Den psykiske helsa til ungdom vert berre verre og verre, og dette må me ta tak i.

Ungdom og helse

– Ørsta bør ha sin eigen helsetasjon for ungdom. For dei som til dømes bur i Barstadvik, er reisa lang til Volda der helsestasjonen for unge i Ørsta/Volda er. For dei som bur på Sæbø, går siste buss heim klokka 15.30. Mange unge vil av ulike grunnar ikkje at foreldra skal vite at dei fer til helsestasjonen, og ei omstendeleg bussreise hevar terskelen for å gjere det.

– Eg og resten av ungdomsrådet var på møte i levekårsutvalet og argumenterte for eigen helsestasjon for ungdom i Ørsta. Alle nikka og var samde med oss. Så me må berre pusje på slik at helsestasjonen vert prioritert!

Elise er godt nøgd med måten politikarane og administrasjonen i kommunen møter henne og ungdomsrådet på.

– Me skal vere talerøyr for dei unge, og dei ulike etatane brukar oss som rådgjevarar i saker som gjeld oss. Dei lyttar til oss, me vert tekne på alvor og dei inkluderer oss.

– Det er viktig at me er synlege. Vise at me er her, vise at me er interesserte og at me vil vere med på å styre utviklinga. Det er me som skal bu her, det er me som skal vere på rådhuset om nokre år. Me ser kanskje for oss ei anna framtid enn dei som styrer no. Og viss me vil vere med og skape ein kommune me kan tenkje oss å bu i som vaksne, så må me ytre oss no, markere oss som truverdige samfunnsaktørar. Eg prøver å vere på så mange møte som mogleg. Eg lyttar, ytrar meg om der er noko som skurrar, og er med i drøftingane.

– Ungdomsrådet var med i Bygdepride, laga banner og gjekk i toget. Ei stor oppleving! Så fint å kjenne så mykje glede og varme saman med 4-5000 menneske som markerte sitt positive syn på og støtte til homofile. Den store oppslutninga om Bygdepride syner at du kan vere deg sjølv på bygda også. Du treng ikkje flytte til dei store byane og gøyme deg bort der for å vere deg sjølv. Eg trur Bygdepride har vore med på å starte noko godt for dei som er skeive om å få aksept for at dei er det.

Politisk karriere

1. mai i Ørsta heldt Elise to appellar. I den eine sa ho mellom anna: - Tenk kor heldige me er som kan samlast, ytre meiningane våre, seie imot regjeringa utan at det får negative konsekvensar. Alt dette fordi vi tilfeldigvis blei fødde i rett land. Vi må tenkje på dei som ikkje har ytringsfridom og andre demokratiske rettar - og som treng vår hjelp.

Elise har visjonar for framtida, og ho er aktivt med for å realisere dei. Ho er reflektert og talefør. I vår vart ho leiar for Ørsta/Volda SU, ungdomsorganisasjonen til SV, og ho vart medlem i fylkesstyret for SU. No er ho også første vara til landsstyret i SU. Kan ho tenkje seg å verte politikar på heiltid når tida er mogen for det?

–Det hadde vore gøy! Men sjansane for det er ganske små. Heldigvis treng ein ikkje vere heiltidspolitikar for å påverke samfunnet. Det held å fylgje aktivt med på det som skjer, ha gode kunnskapar og vere medviten om kva for konsekvensar eigne val har for samfunnet her og i andre land. Men sjølvsagt - for meg er det ein draum å verte fulltidsengasjert som politikar ein gong i framtida!

Heiltidspolitikar?: Elise Stokken har fleire verv, og ser ikkje vekk frå at ho satsar på ein politisk karriere . Foto: Ingebjørg Røyrhus Øyehaug