– Det vert ein massiv konstruksjon. I området her skal 100.000 kubikk med masse verte flytta på den næraste tida.

Avdelingsleiar kommunalteknikk i Ørsta kommune, Ulf Kristian Rognstad er på plass på Vallabøen. Skoginga er ferdig. Snart skal bygginga av sikringsvollen starte. Det stadfestar adm.dir. Jo Stian Tverberg i entreprenøren Aurstad til Møre-Nytt.

– Vi er ferdig med skoginga og er klare til å bygge. Det er rett rundt hjørnet, fortel han.

Skredfare

Skredfaren for Vallabøen har vore tema i Ørsta kommune langt tilbake, i alle høve til 1970-talet. I 2011 fekk kommunen utarbeidd ei vurdering av skredfare for bustadfeltet Vallabøen (austsida av Vikeelva). Rapporten konkluderte med at øvste del av Vallabøen kan vere utsett for snøskred.

Området som er rydda strekkjer seg over ein halv kilometer, og er delt opp i 10–11 ulike teigar med fleire grunneigarar. Avtalen er at dei grunneigarar som ønskjer det, skal få hente tømmer frå eigedomen sin.

Rognstad fortel at tømmer til grunneigarar som skal ha tømmer frå eigen teig, er klargjort for henting i perioden 4. juni – 25. juni.

– Etter denne datoen vert tømmeret fjerna slik at entreprenøren kan ta over området.

Aurstad vil no halde fram med å bygge anleggsveg, i tillegg til å førebu grunn for bygging av sjølve sikringsvollen. Komplett prosjekteringsgrunnlag skal verte levert i veke 23 for kontroll av NVE og NGI. Dette dannar så grunnlaget for løyve til å kunne sette i gang resten av tiltaket, opplyser Rognstad.

Nokre tre har dei spart på. Dei dannar ein liten mur mellom bustadfeltet og den snart påstarta sikringsvollen, for å gi eit betre visuelt uttrykk.

Sidan området ligg like ved eit stort byggefelt og ein skule, gjer dei også sitt for å prøve å minimalisere transporten i området.

– Planen er difor å flise opp alt av røter i området, for å sleppe å køyre det ut.

22 millionar

Aurstad vann entreprisen for skredsikringa av Vallabøen. Prislappen er på 22 millionar kroner, der NVE dekkjer 80 prosent av kostnadene. 4,5 millionar må kommunen og bebuarar i området dekke, dersom ikkje Møre og Romsdal fylkeskommune vil bidra.

– Vi kan enno ikkje seie kva prisen vert for kvar enkelt. Målet er sjølvsagt lågast mogleg eigendel, seier jurist Arnstein Nupen i Ørsta kommune.

– Vi ventar framleis på svar på søknaden vår til fylkeskommunen om tilskot via prosjektskjønn. Fristen var i mars, men vi har enno ikkje høyrt noko, seier Nupen, og legg til at pengar til skredsikringa ligg på førsteprioritet på lista i søknaden.

Og før dette er avklart, kan dei heller ikkje seie noko om kostnad for kvar enkelt. Skredsikringa vil vere 400 meter lang og vil gjere Vallabøen tryggare for vel 60 bustadeigedomar med om lag 200 bebuarar, i tillegg til Vikemarka skule med rundt 300 elevar.

Sikringsvollen skal beskytte mot sørpeskred og tørt snøskred aust for Vikeelva. Ei slik sikring er sagt å ville ha ein vesentleg redusert risiko for området, sjølv om restrisikoen vil vere noko høgare enn for alternativet med full sikring. Ørsta kommunestyre gjekk for løysinga dei meinte ville ha størst samfunnsøkonomisk verdi.

– Vi veit at det er mange som ønskjer å få svar i denne saka, om kva eigendelen vil kome på, men vi har dessverre ikkje noko svar å gi enno, men vi held dialog med både fylkeskommunen og bebuarar på Vallabøen, seier Nupen.

Arbeidet går sin gang. Sikringsvollen skal etter planen vere ferdig allereie i haust i månadsskiftet september/oktober, og skal gi sikring for såkalla 333-årsskred, altså tre store skred som er estimert å kome i løpet av 1.000 år. Ein kulvert vert bygd over Vikeelva, så nokre meter av elva vil gå i rør. Tanken er at då kan vatnet renne i elva, medan massar frå eit eventuelt sørpeskred vert leia ned i eit massebasseng i bakkant av sikringsvollen.

– Her vil det vere vatn heile året, kanskje ein halvmeter, seier Rognstad, som håper at dette kan vere noko ørstingar kan bruke varme sommardagar. Når sikringsvollen er ferdig er planen også å lage ei ny rås over vollen og vidare oppover mot Vikegeila/Skåla, fortel Rognstad.