Kommunegartnar Olav Saure er oppgitt over det han meiner er mangel på ressursar til å drive parketaten sitt arbeid på ein tilfredsstillande måte.

Etter at Olav Saure starta i parketaten for atten år sidan, har denne etaten mist to heile stillingar. Kommunegartnaren meiner det er nødvendig å få tilbake desse stillingane dersom etaten skal klare å rekke over alle oppgåvene.

– Vi har no nådd ei grense og vi utfører dårlegare arbeid fordi vi ikkje strekk til. Vi må prioritere hardare og seie nei til ting. Og då vert det ramaskrik, så dette er håplaust, seier Saure.

Oppgåvene til parketaten er desidert mest omfattande frå midten av april til midten av juni. Og det er i denne perioden behovet for auka mannskapsstyrke er størst.

– I denne perioden ligg vi på etterskot med alt slag. I år er situasjonen spesiell fordi telen varte så lenge at vi ikkje fekk starta opp arbeida på kyrkjegardane før seinare enn normalt, fortel Saure.

135 dekar

Parketaten slår 135 dekar gras. I tillegg slår dei graset på fem kyrkjegardar. Etaten sine folk slår alle grøne, kommunale flekkar dei rekk.

– Kva med vask og spyling av busskur?

– Vi gjer dette også, men berre av og til når det er for gale, seier Saure.

Intervallet for å slå graset er slik at dei skal gjere dette kvar tiande dag.

– Men drifta vår handlar om ein kabal som skal gå opp, og om logistikk, så det er ikkje berre enkelt å halde dette intervallet. Når det også er mange raude dagar, og vi ikkje er på jobb, så tek ikkje graset ferie. Heller ikkje ugraset som sprett opp i stor fart. Og då kan vi kome på etterskot, seier kommunegartnaren.

Fem personar jobbar til dagleg i parketaten. No er der også ferievikar.

Dedikerte

I tillegg til å mangle ressursar er situasjonen i parketaten no spesiell fordi to dedikerte tilsette no går av for aldersgrensa.

– Dette er to svært dyktige personar med lang erfaring som det ikkje utan vidare er enkelt å erstatte, vurderer Saure.

Han har eit stort ønske:

– Gi oss tilbake dei to stillingane som forsvann. Det hadde vore gull verd.

Møre-Nytt har kontakta einingsleiar for kommunalteknikk i Ørsta kommune, Ulf Kristian Rognstad. Han har ikkje svart på Møre-Nytt sin førespurnad.