Kommunestyret i Ørsta legg samrøystes til rette for nye naust både på Leira i Hjørundfjord og ved Morkaneset i Ørsta sentrum.

Dei to reguleringsplanane vart vedtekne samrøystes og utan debatt.

På Leira vert det lagt til rette for bygging av tre rorbuer. I naustområdet er det fastsett byggjegrenser som gjev opning for gjenoppføring av eksisterande og nokre få nye naust

Ved Morkaneset i Ørsta er det lagt til rette for totalt 32 naust på om lag 40 m² BYA. Nausta kan nyttast til oppbevaring av båt, reiskap og utstyr, og kan ikkje innreiast til varig opphald.

Nausta er plasserte i samanhengande grupper på 3–6 naust. Det er lagt opp til felles køyretilkomst frå Strømpeneset/Strandgata til ein felles p-plass, og bak nokre av nausta.