Sidan Ørsta Helsesenter kom på plass i Vallamarka har ikkje telefonsystemet fungert slik som det var tiltenkt. Difor vart det bestemt at telefoniløysinga skulle skiftast ut, og det skjer komande veke.

– Opplæringa og installasjon av utstyr blir på formiddagen, og portering (skifte av telefonløysing frå noverande til den nye) blir frå kl. 12 og truleg maksimalt ein time framover, opplyser IKT-ansvarleg Steffen Myklebust ved Ørsta Helsesenter.

Grunna poteringa vil sentralbordet ha ei avgrensa nedetid, men Myklebust vonar at det nye systemet skal vere raskt oppe og gå.

– Dersom det er behov for rask hjelp, som kan vente noko, er det mogleg å ringe 116117 (legevaktsentralen ved Volda Sjukehus) og sjølvsagt 113 for akutte situasjonar (som før).