I januar 2018 var folketalet i Ørsta 10.812, det er ei endring på 68 personar eller 0,6 prosent frå året før, viser kommunestatistikken til Møre og Romsdal fylkeskommune. Folketalsutviklinga er resultatet av fødselsoverskot pluss nettoflytting.

Fødselsoverskotet er talet på fødde eit år minus talet døde same år. I 2017 blei det fødd 108 barn samstundes som det døydde 102 personar i befolkninga. Det gav eit fødselsoverskot på seks. Samanlikna med 2016 var talet på fødde 101, døde 109 og fødselsoverskotet -8. Fødselstala er låge både regionalt og nasjonalt, og det er svært få kommunar at fødselstala er høge nok til å halde oppe befolkningsstorleiken utan tilflytting eller innvandring.

folketalsutvikling

Forutan fødselsoverskotet er det innanlandsflytting og innvandring som vil avgjere om ein kommune opplev vekst eller nedgang. Den innanlandske nettoflyttinga for kommunen var i 2016 på 29 personar. Det er lågare enn året før, med ei endring på -2 personar. Nettoinnvandringa til Ørsta var på 33 personar. Det er 11 personar lågare enn året før.

Det siste tiåret har folketalet i kommunen auka med 649 personar, som er ei endring på 6,4 prosent. Av dei 36 kommunane i fylket kjem kommunen på 16.-plass i befolkningsutvikling i perioden.

Per 1. januar 2018 hadde kommunen 2.670 barn og unge under 20 år, noko som tilsvarar 24,7 prosent av befolkninga. Talet på personar 67 år og eldre i befolkninga var 1.835 og utgjer 17,0 prosent. For fylket er delen barn og unge på 24,1 prosent, medan andelen eldre er 16,6 prosent. Talet kvinner per 100 menn i aldersgruppa 20–39 år har vore lågt i Møre og Romsdal samanlikna med dei andre fylka i lengre tid. I 2018 er det 90,7 kvinner i aldersgruppa 30 til 39 år per 100 menn i Møre og Romsdal, medan det i Ørsta er 94,6.

Området Moe/Nupen har hatt størst auke i folketalet sidan 2013, med 250 personar. Her er det no registrert 1.698 innbyggjarar. Mork/Vinjevoll og Vallabøen1 er også i vekst, med høvesvis pluss 38 og pluss 33.

Fleire av bygdene opplever nedgang i folketalet. Størst nedgang sidan 2013 er det i Barstadvik, med -27.

Men der er også bygder som opplever vekst, som Trandal (+2), Urke (+3), Sæbø (+15), Standal (+1) og Ytre Standal/Brattheim (+3).