I eit brev til ordførar Stein Aam skriv grendalaga i Hjørundfjorden og pårørandegruppa på Vartdal at dei eldre som enno bur heime, med opp oppfylging av heimebasert omsorg (HBO), no fell utanfor.

– Desse står att med eit meir utrygt og mindre smidig legetilbod enn før, der det blir forventa at dei sjølve eller pårørande skal ordne ut.

Kommunen blir oppmoda til legge til rette for god legeoppfølging for dei eldre som er «for friske» til å få plass på institusjon.

– Slik grendalaga forstår det, legg kommunen no opp til at bebuarar i bufellesskapa på institusjonane Hjørundfjordheimen og Vartdal helsetun skal verte fylgde opp av lege som tidlegare gjennom ordning med legedag på institusjonane ein dag i veka, sjølv om desse per definisjon er «heimebuande». Det er vil glade for.

Grendalaga og pårørandegruppa meiner at ei lita, men kritisk gruppe av eldre heimebuande som tek imot HBO er særleg utsett.

– Det kan vere tilfelle av byrjande demens eller ulike former for fysisk svekking som gjer pasientane immobile. Samstundes er dei ofte avhengige av hyppige legebesøk for å fylgje med på medisinar, ta prøver m.m. Desse vil ha vanskar med å bestille legetime og kome seg til legesenteret på eiga hand. Slik vi forstår det, kan dette eksempelvis gjelde 5–7 pasientar av dei rundt 20–30 brukarane av HBO sone Sæbø.

Det vert hevda at ved omlegginga som no vert gjennomført fører kommunen ansvaret for denne pasientgruppa over på dei sjølve eller pårørande. Grendalaga er bekymra.

– Om desse ikkje får ei god og trygg legeoppfylging, kan det føre til at dei ikkje lenger kan bu heime. Og det var vel ikkje intensjonen til kommunen?

Det vert oppmoda at nedlegginga av legekontora på Sæbø og Vartdal ikkje må råke heimebuande pasientar som er tilknytt heimebasert omsorg sone Vartdal og sone Sæbø-

– Ei ny legestilling 50/50 sjukeheimslege og legevaktlege er ikkje lagt opp til å kome denne gruppa til gode. Kommunen må difor finne ei løysing som sikrar dei som treng det i denne gruppa eit legetilbod tilsvarande heimebuande i bufellesskapa på institusjonane Hjørundfjordheimen og Vartdal helsetun.