I det samrøystes vedtaket heiter det at «Ørsta formannskap legg framlegg til områdeplan for Myklebust setremark ut til nytt offentleg ettersyn, med følgjande endring: Sela på setrestøylen skal kunne vere inntil 60 kvadratmeter. Vatn og kloakkløysing til praktisk løysing til Sætrestøylen skal vere med i planen».

For restriktiv

Bakgrunnen for denne utviklinga av saka er at politikarane meiner planen ikkje følgjer opp grunneigarane sine ynske. Dei meiner planen er for restriktiv når det gjeld sjølve vernevollen.

Områdeplanen for Myklebustsetra låg på bordet for å verte eigengodkjend. Administrasjonen rekna seg ferdig, og meinte planen var klar for vedtak i kommunestyret.

Men dit ville ikkje formannskapet med planen.

– Vi er nøydde til å ha med oss grunneigarane. Elles er ikkje dette ein god plan, sa Hans Olav Myklebust (Frp).

Det er særleg to ting politikarane er misnøgde med. Det eine er arealavgrensinga for sela på sjølve setervollen. Dei har ei avgrensing på 40 kvm. Det andre er at dei synest at det er for strenge løysingar for sanitæranlegg. Grunneigarane ynskjer å knyte sanitæranlegg til sela, medan det i planen vert lagt opp til eit felles sanitæranlegg i eitt av sela som dei andre kan nytte.

Vern

Rådmannen skriv i saksutgreiinga at føremålet med planarbeidet er å sjå heile Myklebust setremark i ein samanheng og sikre ein forsvarleg balanse mellom ynska om utbygging og vern.

– Det vert opna for utvikling av ei betydeleg mengd fritidsbustadar i områda rundt setrestøylen, tilpassa natur, friluftslivs, landskap og landbruksinteressene. Ein viktig del av planen er å skjerme og sikre eit reglement for framtidig bruk og vern av stølsmiljøet som er eit regionalt viktig kulturmiljø, skriv rådmannen.

– Sårbart

Det vert frå rådmannen si side vist til at områdeplanen for Myklebust setremark opnar for ei større utbygging av fritidsbustader i randområda til Myklebustsetra.

– Planen legg vekt på å dempe inntrykket av nye inngrep i eit ope og sårbart landskap. Sjølve setervollen vert vareteken og regulert gjennom føresegner

(forvaltningsstrategi) utarbeidd i samråd med fylkeskommunen, skriv rådmannen.

Formannskapet er ikkje begeistra for dette, og fryktar til liks med grunneigarane at eit for strengt verneregime vil føre til at setervollen forfell.

«Vern gjennom bruk»

– Det heiter seg at vi skal verne gjennom bruk. Her risikerer vi noko anna. To sel har falle ned denne vinteren. Det ser ut som om mottoet kan verte forfall gjennom vern, sa Per Are Sørheim (H).

– Viss ikkje sela vert brukte, vert dei ikkje vedlikehaldne. Eg skjønar godt grunneigarane som ynskjer ei grense på 60 kvm, og ikkje 40, sa Rekkedal Hill.

– Og felles sanitæranlegg var kanskje noko som fungerte på 1950-talet. Det gjer dei ikkje i dag, sa Paul Kristian Hovden (KrF).

Ordførar Stein Aam var også interessert i at det vart lytta meir til grunneigarane. Debatten i formannskapet handla då meir om prosedyre. For utfordringa er å takle ei motsegn frå fylkeskommunen/fylkesmannen.

Hans Olav Myklebust (Frp) foreslo å rett i forhandlingar for å få aksept for at arealet kunne aukast, men forslaget fekk berre hans røyst.

I staden vart det vedteke å leggje planen ut til ei ny høyring. Og då med endringane i arealtal, og opning for toalettløysingar knytte til kvart sel.

– Då kan det forhandlast undervegs med overordna mynde, forklarte rådmannen.

Kritisk: Hans Olav Myklebust var kritisk til forslaget til områdeplan for Myklebustsetra. Foto: Rune Sæbønes