Også i år vart heile Vikegata fylt av luftkjølte køyretøy i alle moglege fargar. Her var både plettfrie bilar og dei som har sine skjønnsfeil.

– Vi har fleire bilar enn i fjor med 62 påmelde, og vi er veldig godt nøgde med det. Vi veit at to av bilane som var på veg hit fekk motorproblem. Det er ikkje så gale av rundt 65 bilar, seier Lena Bratteberg, Trygve Hovdenakk og Pål André Lillebø i Ørsta Luftarlag som står bak Luftkjølt laurdag.

Godt nøgde: Lena Bratteberg, Trygve Hovdenakk og Pål André Lillebø i Ørsta Luftarlag gler seg allereie til neste års Luftkjølt laurdag. Foto: Joachim Åsebø

630 kilometer til Ørsta

Blant dei mange som hadde teke turen til Ørsta laurdag var det ingen som hadde køyrt lenger enn Hein Johansen. 630 kilometer frå Gjerdrum hadde blitt unnagjort. Med ein plan om å reise via Trollstigen laurdag kveld ville Johnsen ha unnagjort godt over 1.000 kilometer før han var heime att. Til Ørsta kom han saman med kameraten Erland Ruud som van den som hadde den lengste reiseruta til Ørsta i fjor.

– Før vi kunne kome hit måtte bilen EU-godkjennast. Eg er frå Koppang og siste utveg var å ta EU-kontrollen på Rena. Vi køyrde dit, men den gjekk ikkje gjennom grunna bremsene. Då reiste eg til Erland, og vi fekk oss ein time på ein verkstad på Koppang og bilen gjekk gjennom kontrollen. Då knalla vi vidare derifrå, seier Johansen med eit smil.

– Eg køyrde 41 mil medan han køyrde 63 mil, legg Ruud til.

Kameratane frå Koppang koste seg i vårsola i Ørsta, og på turen hadde dei med seg sønene sine.

– Det var svært hyggeleg å vere her i fjor. Vi skal vidare over Trollstigen i kveld, overnatte i Åndalsnes og køyre gjennom Romsdalen i morgon. Ungane har ikkje sett fjella og havet her, og vi tek det som ein tur. Det blir ekstra spesielt når vi tek turen i ei boble, seier Ruud.

Michael Rein Olsen, Sindre Johansen, Rikard Trønnes Ruud, Erland Ruud og Hein Johansen var dei som hadde hatt lengst reiseveg til Ørsta. Johansen hadde køyrt 630 kilomer frå Gjerdrum. Foto: Joachim Åsebø

For Johansen vart turen til Ørsta den lengste han har hatt med bobla frå 1974.

– Vi har med oss lavvo, fyrt bål og laga frukost. Eg la meg i lavvoen, men enda opp med å måtte sove i bobla då lufta gjekk ut av madrassen. Det var ei ny oppleving.

– Kva er det som gjer at bobler og luftkjølte motorar har blitt ei interesse?

– Eg var vore med på treff på Gardermoen der har blitt køyrt dragrace og liknande. Miljøet som er rundt og køyreeigenskapane som er på ein slik bil er heilt fantastisk. I tillegg til at det er ei godlukt. Vi har hatt boble i familien før, og det at ungane får oppleve det same no er flott. Valet var difor lett når eg skulle velje ein hobby, seier Johansen som har hatt tilknyting til bobler gjennom heile livet.

– Bobler har ein spesiell plass i livet mitt

I tillegg til fleire gjestar som hadde reist langt var det mange lokale og regionale utstillarar. Christian Bjåstad frå Hareid var ein av fleire som hadde teke turen gjennom Eiksundtunnelen for å ta del i Luftkjølt laurdag.

– Det er veldig kjekt å vere med her, og det er utruleg triveleg at blir laga til eit sånt treff som samlar oss som interesserer oss for bobler.

For Bjåstad har bobler vore ei livslang interesse, men det var først gang han var med og stilte ut i gågata i Ørsta.

– Frå no av skal eg prøve å vere her kvart år viss det er mogleg.

Då var 18 år bygde han seg si første boble. Den bilen vart selt, men det tok ikkje så lang tid før han byrja på eit nytt prosjekt.

– Den bilen fekk eg opplakkert att som morgongåve frå ho som eg gifta meg med. Det var litt spesielt, og no er den opp att pussa for andre gong.

– Bobler har ein spesiell plass i livet ditt?

– Absolutt. Det er noko spesielt med bobler. Ingen er store og ingen er små, alle er velkomne. Alle som har bobler pratar i lag og det vert ein godt samansveisa gjeng.

Christian Bjåstad hadde teke turen frå Hareid for å ta del i sin første Luftkjølt laurdag. Foto: Joachim Åsebø

– Kunne ikkje ha blitt betre

Om Luftkjølt laurdag held fram med å vekse vil det ikkje vere nok plass til alle utstillarane i Vikegata. Difor kan det i framtida bli eit spørsmål om Webjørn Svendsen-gata kan stengast i samband med arrangementet, noko som Ørsta Luftarlag har von om. Imens planlegg arrangøren neste års treff etter den same lesten.

– Folk kjøper det vi sel, dei går i butikkane i gata og det var slik vi ville ha det. Det er nok ein gong eit teikn på at det går an å arrangere noko heilt vanleg i Ørsta. Når vi ser gata full av bilar og folk gler vi oss til å gjere akkurat det same neste år, seier Hovdenakk.

– Eg blir mest glad av dei som kjem og skal registrere seg og som blir overraska over at det ikkje kostar noko. Alle andre stadar kostar det å ta del, men at det er gratis er unikt for Ørsta, seier Bratteberg.

– Det ikkje nokon andre stadar arrangørar får så mykje ja frå sponsorar som vi gjer. Vi er veldig takksame for det, seier Hovdenakk.

At Luftkjølt laurdag er kome for å bli i Ørsta er Ørsta luftarlag no trygge på.

– I år er vi nok ein gong kjempenøgde, og det kunne ikkje ha blitt betre, seier Lillebø.