Fortel Svein Silseth. Saman med dei andre som bur i Prestebrauta nedanfor Ørstaheimen har han i 25 år pynta gata til 17. mai.

Med flagg og banner vert barnetoget helst velkomen kvart einaste år, uansett ver.

I år var det ekstra stas, for i tillegg til jubileet, var det strålande solskin og stor stemning.

Det er den same gjengen som står for pyntinga, stort sett. I år var det Svein Silseth, Tor Rune Smelvær, Eldar Lingås, Ketil Jarle Halse og Tore Skåltveit. Nokre har gått frå, andre har kome til, og andre er vekkreiste på dagen.

– Det har vel etter kvart vorte rutine i arbeidet. Der vi før brukte to timar til å pynte gata 16. mai, brukar vi no ein time, og det sjølv om vi har vorte eldre, seier Lingås med eit smil.

Då det vart bestemt at gata skulle pyntast, vart det fyrst laga til eit banner. Det er det same enno. Så visste Svein Silseth at det var nokre flagg og flagg-pynt som låg på lager på Bondalseidet.

Foto: Rune Sæbønes

– Dei var frå det gamle kommunehuset ved Haldeplassen. I og med at eg arbeidde med oreigning då eg var i kommunen, gjorde vi eit vedtak om at eg skulle oreigne desse. Og sidan har dei vore fast inventar i pynten, fortel Silseth.

Gjennom åra har det stadig vorte utvikla ny logistikk. Boltar med einaste føremål å vere feste til pynten, har vorte bora i fleire hus. Slik at banner og pynt skal få best mogleg strekk over gata.

Å pynte Prestebrauta til 17. mai, har sjølvsagt også vorte eit av dei store sosiale henda i gata oppgjennom åra.

– Fyrste året spanderte Stein môr og tørrfisk, og med noko godt attåt. I går la vi på litt ekstra, i og med at det var jubileum. Det var eit stort tapasbord – og med noko godt attåt, fortel Ketil Jarl Halse.

No er spørsmålet kor lenge dei skal halde på vidare.

– Minst i tjuefem år til. Rykta seier forresten at den eldre garde i hornmusikken seier dei vil leggje om ruta, for det er tungt å gå opp til Ørstaheimen. Viss ruta vert lagt om, då lenkjer vi oss faste. Då vert det aksjonar, lovar karane i Prestebrauta.

Som understrekar at damene også er med på pyntinga. I alle fall festen.

Foto: Rune Sæbønes