Ville har sendt ei bekymringsmelding til kommunen der han fortel m.a. at kommunekaia no står fram meir som ein båtslipp for «Slogen» enn som ei kai for ålmenta.

– Det er omgåande behov for iverksetting av kontroll av bruken av kaiområdet, då området er prega av oppussing av båten Slogen som ligg fortøydd ved kaifronten. Kaiområdet er eitt ynda friluftsområde, og no er det ikkje moglegheit til å bruke friområdet til fisking, eller at tilreisande kan legge til kaia og gå i land for ein kortare stopp på Sæbø, skriv Ville i bekymringsmeldinga.

Dersom «Slogen» vert liggande ved kommunekaia, fryktar Ville at det vert slutt på fri bruk og ferdsel på kaiområdet.

Skjemmande

– Med båten til kai er dette skjemmande, og båten hindrar for utsyn til fjell og fjord. Kaiområdet vert nytta av turistar og fastbuande som elles kunne ha brukt friområdet til aktivitetar som t.d. fisking frå kaia, skriv Ville.

Han stiller eit stort spørsmål om avfall som kan verte tilført

hamneområdet, m.a. måling eller olje, i samband med arbeid med båten.

Ville krev at Ørsta kommune set i verk strakstiltak, slik at eigarane av «Slogen» ryddar opp på kaia.

– Kommunen må også setje i verk strakstiltak for å få utarbeidd ein detaljert avfallsplan for alt arbeid på «Slogen», med tanke på måling og byggavfall som ikkje skal hamne i sjøen, men samlast opp i separate konteinarar som skal eventuelt leverast på VØR, skriv Henrik Schultz Ville.

Han skriv vidare at han synest situasjonen er svært trist med tanke på turistar som ikkje får nytta kommunekaia.