– Eg har veldig lyst til å kjøpe meg ein Tesla. Denne vert nok litt dyr, men 3-serien fristar veldig.

Det sa Patricio Medina då han fekk prøvesitte ein Tesla Model X under Volda bilmesse. Han var ein av mange som la turen innom Mørehallen for å sjå nærare på kva forhandlarane på Sunnmøre kan tilby.

– Eg tykkjer det er veldig bra at vi får eit slikt tilbod i Volda og Ørsta, og så vonar eg at vi kan få til noko liknande når Ørstahallen er ferdig.

Godt besøk: Med regn i lufta ute passa det bra å sjå seg rundt på bilmessa innandørs.

Det er Volda TI fotball som står bak Volda bilmesse og planlegginga starta for to år sidan.

– Vi er ein gjeng som er genuint interessert i bil. Vi byrja å prate om ei mogleg bilmesse her for eit par år sidan. I Ålesund har dei arrangert anna kvart år, men no er det messe kvart år. Vi hadde tenkt å arrangere når det ikkje var messe i Ålesund, men då dei la om var det berre å hive seg rundt, seier Jon Ove Høydal i fotballgruppa.

Rett etter jul tok arrangøren kontakt med potensielle utstillarar.

– Vi fekk ein litt treig start og det var ikkje alle som heiv seg på med ein gang. Etter kvart så kom den eine etter den andre av attraktive bilmerke, og då vart det plutseleg fullt. Vi hadde fleire forhandlarar som stod på venteliste for å ta del.

Alle typar køyretøy var representert i Mørehallen laurdag, i tillegg til fleire standar med diverse utstyr til bil. Totalt var det tjueseks standar under messa, og atten av standane var bilforhandlarar.

Tesla var ein av atten bilforhandlarar med stand under Volda bilmesse. Totalt var det tjueseks standar under messa. Foto: Joachim Åsebø

– Har sakna eit slikt tilbod

Mange av dei lokale forhandlarane var på plass under bilmessa, og dei var nøgde med å få eit messetilbod lokalt.

– Eg tykkjer at arrangementet er fantastisk og over all forventning. At Ørsta og Volda som er eit stor bildistrikt har fått ei slik bilmesse er vi veldig glade for, seier Cato Eiksund Rogne i Ørsta Bil.

Forhandlarane var litt spente på oppmøtet, men var godt nøgde med besøket.

– Eg trudde at det skulle bli roleg fram til tolv, men eg tykkjer her har vore mykje folk frå starten av.

Mørehallen var fyllt med bilar, utstyr og folk laurdag. Foto: Joachim Åsebø

Bilmessa skal evaluerast av Volda TI fotball i etterkant, men det ser lyst for liknande arrangement i framtida.

– Dette er heilt klart noko som vi vil vidareføre, men det er betinga av at er her er folk gjennom heile dagen.

– Men det ser lovande ut?

– Det ser veldig bra ut, seier Høydal med eit smil.

Porsche var og representert under messa.