Det er gode tider ved føde/barsel og gynseksjonen ved Volda sjukehus, som fødeavdelinga no heiter. Ikkje berre er det høge fødselstal, men i tillegg opplever avdelinga å verte opplevd som ei av landets beste av mødrene gjennom nasjonale brukargranskingar.

– Vi er glade og stolte over det, seier konstituert seksjonsleiar Gunvor Bergem Lia ved avdelinga.

Tala frå 207 viser altså at det var 509 fødslar i Volda. Vi må tilbake til 1991 for å finne like mange fødselstal, då det var 518 fødslar. Sist gong det var over 500 fødslar var i 1995, då det var 501.

– Det er kjekt å kome over 500 fødslar igjen. Dei tre føregåande åra har talet stogga på 496 fødslar, fortel Bergem Lia.

Nordfjord og Hellesylt

Ei av årsakene til at talet på fødslar har auka, er at "nedslagsområdet" er større. I fjor var det 74 fødslar frå Nordfjord, og i tillegg var det mødrer frå Stranda/Hellesylt som fødde i Volda.

– På den andre sida er det ein seleksjon. Når det er tvillingfødslar, fødslar vi er utrygge på for komplikasjonar, og fødslar før 35. veke, vert dei styrte til Ålesund sjukehus eller andre større sjukehus, fortel Bergem Lia.

Gode skotsmål

Ho fortel at dette er ei ordning som har vore i mange år.

Samstundes som fødselstala aukar, opplever føde/barsel og gynavdelinga i Volda at mødrene gjev dei gode skotsmål. I ei brukargransking som Folkehelseinstituttet presenterte rett før jul, kom det fram at avdelinga i Volda skårar svært høgt. På alle indikatorar ligg fødeavdelinga i Volda over både fylkessnittet og landsgjennomsnittet.

– Det er vi glade og stolte over, og vi er glade for at vi over tid har halde ein høg kvalitet. Vi skåra også høgt i ei tilsvarande gransking i 2011, fortel Bergem Lia.

Ho meiner at ei av årsakene til at avdelinga i Volda skårar høgt er storleiken.

– Det at det er lita fødeavdeling gjer at det vert nærleik mellom dei som vert innlagde her, og dei som arbeider her. Vi kjem tettare på kvarandre, seier Bergem Lia.

Samstundes understrekar ho at alle dei tilsette er opptekne av å tenkje kvalitet heile tida. Viljen til etterutdanning er stor.

Samarbeid

– Vi har jordmødrer og barnepleiarar med utdanning utover basiskrava. Det gjeld område som ammerettleiing, ultralydsytdanning og akupunktur. Vidare har vi eit breitt samarbeid yrkesgruppene i mellom. Alle har fokus på fagutvikling, seier Bergem Lia.

Ho poengterer at alle yrkesgruppene skal kjenne seg like viktige.

– Og når det er matpausar, kjem legane og et saman med oss, seier ho.

På eitt område skåra fødeavdelinga i Volda ekstra høgt, og det var på fedrane si oppleving av både fødsel og barseltida.

– Vi har eige familierom, slik at far kan vere saman med mor og barn etter fødselen. Vi er opptekne av å ta oss av far undervegs under fødselen. Vi gjev oppgåver han kan utføre, fortel Bergem Lia.

Sjølv om avdelinga i Volda skårar høgt på alle indikatorar, er der også forbetringspotensial.

– Vi ser at vi til liks med andre fødeavdelingar skårar lægre på informasjon om fysisk og psykisk helse etter fødselen. Eg trur ikkje det handlar om at vi gjev mangelfull informasjon, men måten vi gjev informasjon på. Der skal vi forbetre oss, seier Bergem Lia.

Ho er glad for at slike granskingar kjem.

– For det viser kvar vi kan verte betre, og kvar vi skal halde koken oppe, seier ho.