Det heitte Påfuglen og var den første utestaden i Ørsta med alkoholservering etter forbodstida. No lovar den nye daglege leiaren for Ivar Aasen-hotellet å gjenopplive den legendariske skjenkestova i kjellaren på hotellet.

- Utestaden er tydeleg sakna, så kvifor ikkje blåse liv i han igjen, seier Diana Moldskred, dagleg leiar på Ivar Aasen Hotell i Ørsta.

Nytt liv

Ho ivrar for å skape liv og røre innanfor hotellets fire vegger igjen.

– Vi jobbar med å finne eit konsept, i samarbeid med Musikk i sentrum. Vi ønskjer å utvikle konseptet gradvis i samråd med ulike aktørar. Vi ser føre oss alt frå visekveldar og poesikveldar, til trekkspel, kor og revyar. Men vi tek det steg for steg. Vi ønskjer oss ei skikkeleg lokal scene.

Nye tider

Ho lovar at innbyggjarane vil merke at det er nye tider på hotellet. Før Fuglen kan opne att er ho også oppteken av å gi lokalet i kjellaren eit lite løft.

– Her er mange soner på hotellet som vi treng å gjere litt meir spennande og moderne. Ting vil skje, forsikrar den driftige hotellsjefen.

– Men Rom vart ikkje bygd på ein dag. Vi er veldig interessert i innspel frå innbyggjarane, så eg vil oppmode dei om å ta kontakt om dei brenn inne med noko, det vere seg idear eller andre innspel. Vi ønskjer å treffe breitt for å skape mest mogleg engasjement rundt Fuglen.

Dame med tak i: Diana Moldskred føler seg heime i Ørsta, og gler seg til å løfte Hotell Ivar Aasen opp frå tunge tider. No vil ho få fart på hotelldrifta. – Kjære godtfolk.Vi er klare til innsats. Foto: Janne-Marit Myklebust