Frå før har det vore kjent at minst tre funn frå Ørsta er mellom dei om lag 400 gjenstandane som vart stole under eit innbrot i Bergen Universitetsmuseum for i midten av august.

Universitetet si nettavis "På høyden" har publisert eit digitalt kart som viser funnstadane for dei stolne gjenstandane. Kartet innheld nokre geografiske blunderar når det gjeld Ørsta, mellom anna er Mo på Sæbø forveksla med Mo i Ørsta når det gjeld ein frå før omtalt nøkkel.  Og det mest omtalte funnet, eit beslag frå Bjørke, er ikkje lagt inn.

Derimot er det nye opplysingar om gjenstandar mellom anna frå Standal. Her kan du sjekke ut kartet frå Univeritetet.