Fylkesmannen set foten ned for påbygg ved Vikemarka skule

Det seier prosjektleiar eigedom i Ørsta kommune, Ivar-Otto Kristiansen om Vikemarka skule.

Fylkesmannen i Møre og Romsdal seier nei til at komunen skal få bygge fem nye grupperom. Årsaka er rasfaren i området. Dette kan føre til at elevar ved skulen må verte flytta til andre lokale.

– Vi må tenke heilt nytt om heile sentrum krins; Vikemarka, Velle og Hovden, men kva vi skal gjere og korleis, det veit vi ikkje enno, seier seksjonsleiar skule, Kirsti Øy Driveklepp.

Strenge retningsliner

Beskjeden frå fylkesmannen kom i sommar. I brevet står det mellom anna:

– Vi kan ikkje sjå at det vil vere høve til å gi dispensasjon frå tryggleikskrava for det aktuelle tiltaket. Vi forstår det slik at det på grunn av auka elevtal er naudsynt med etablering av grupperom og at det difor må skje ei utviding av skulen i form av tilbygg/påbygg. Dette for at skulen skal kunne få godkjenning etter forskrift om miljøretta helsevern. Vi forstår det vidare slik at manglande gjennomføring av tiltak/manglande godkjenning, vil kunne føre til at elevtalet må verte redusert, skriv fylkesmannen.

Dei konkluderer med at eit tilbygg vil føre til at fleire personar vil kunne opphalde seg i området. Dei kan difor ikkje gi godkjenninga. Det er nemleg strengare retningsliner for skular enn for til dømes bustadhus i rasfarlege område.

Sikringsvoll

Avslaget kjem til trass for at kommunen har vedteke at det skal byggast sikringsvoll i området. Dette vil auke sikkerheita, men for bygningar, som til dømes ein skule, der ei skredhending vil kunne gi store og uakseptable konsekvensar for samfunnet, er reglane strengare.

I ein e-post frå Ivar-Otto Kristiansen som gjekk til seksjonsleiar eigedom, Irene Graskopf og assisterande rådmann Eldar Øye, i juli, skriv han:

– Svaret frå Fylkesmannen gav inga moglegheit for dispensasjon frå lov eller føresegn. Ber dykk ta dette opp med seksjon skule etter ferien. Handsaminga vil mogleg krevje løysingar av klasserom ved anna lokalitet.

Kirsti Øy Driveklepp seier at dei enno ikkje har fått lagt noko slagplan for korleis dei skal løyse dette.

– Vi såg ikkje dette kome. Det har vore minst like mange elevar ved skulen tidlegare, men føresegnene er endra. Vi har ikkje store nok klasserom. Den største klassa på skulen vil ha 29 elevar i år.

Rundt 300 elevar går på Vikemarka skule i dag. Ifølgje Driveklepp ventar dei at talet berre vil auke i åra framover. Skulen har gradvis vorte utbygd for 14 klasser sidan han vart bygd i 1985. Dåtidas klassedelingsreglar tilsa maks 28 elevar per klasse. Det vil seie totalt 392 elevar. Kapasiteten til dagens klasse- og grupperom kan lovleg ta 346 elevar. Klassestorleikane ved Vikemarka skule varierer frå 18 til 29 elevar.

Større klasser

– Til no har vi greidd å sjonglere med romma, men dette vert stadig vanskelegare. Det vert stadig fleire klasser som er for store til rom som lovleg kan ta berre 18–19 elevar. Med nye grupperom kunne dagens klassestorleikar, som for somme ligg på tidlegare makstal, vore lovlege, forklarer Driveklepp, og legg til at dei ikkje lenger har ei utfordring, men eit problem.

Kommunen forsikrar om at dei vil høyre på det Fylkesmannen har å seie i saka.

– Vi har ikkje starta med tiltak på skulen, fordi vi har venta på avklaringa frå fylket. I slike saker behandlar vi oss sjølve på same måte som vi ville ha behandla alle andre utbyggjarar. Vi er opptekne av å sikre tryggleiken, seier Kristiansen.

Fylkesmannen ser at ei utviding av bygningsmassen vil vere ein føresetnad for å få gyldig godkjenning for elevtalet, men grunna føresegnene når det gjeld skredfare, kan dei ikkje gi dette. Kapasiteten ved Velle skule er også sprengd, og det vil ikkje vere aktuelt å sende elevar frå Vikemarka hit per i dag.

– No må vi planlegge på kort-, mellom- og lang sikt for å kome fram til gode løysingar. Vi må finne løysingar som gjer at vi kan drive lovleg i eit tiårsperspektiv, og sjå kva vi skal gjere i mellomtida for å sikre ei forsvarleg drift av skulane. I eit lenger perspektiv må vi sjå på nybygg eller utviding. Får vi løyst inn tomta til Ørsta vidaregåande skule når dei får bygge ny skule, så kan kanskje det vere ei løysing for å bygge på Velle skule og auke kapasiteten der, men dette ligg langt fram i tid, seier Kirsti Øy Driveklepp.

Kristiansen fortel at dei også har vurdert ekstra sikring av bygga dei vil føre opp på Vikemarka.

–Dette kan bli for kostnadskrevjande og må verte vurdert saman med alle andre moglege løysingar. NGI vil kunne gi svar på kva sikringskostnader vi må rekne med. Det skal vere mogleg å sikre skulen, men prisen kan fort verte for høg.

Kirsti Øy Driveklepp seier at skuleseksjonen no vil diskutere saka nøye med eigedomsseksjonen for å finne løysingar.

Leitar etter løysingar: Seksjonsleiar skule, Kirsti Øy Driveklepp og prosjektleiar eigedom, Ivar-Otto Kristiansen. Foto: Janne-Marit Myklebust