Teletrøbbel i Austefjorden og Straumshamn-området

Telenor jobbar i ettermiddag med å rette opp feilen etter eit brot i mobilsambandet til Telenor i Høydalen, Straumshamn, Austefjorden, Kalvatn og Bjørke.

  Foto: Svein Aam

meiningar

På Telenor sine sider vert det opplyst at det er feil i nettet, og at det dermed har oppstått eit brot.

Trond Ryslett frå Høydalen fortel at han varsla servicekontoret i Volda kommune og bad dei om å seie frå om feilen til Telenor, - men at han fekk beskjed om å varsle Telenor sjølv.