I kulturskulen har dei gått på speletimar kvar veke, og har elles stilt opp på konsertar enkeltvis, i smågrupper og som aspirantkorps. No var den store dagen komen då dei fekk spele saman med det store skulekorpset. Nokre eldre musikantar, kulturskulelærarar og foreldre var med som fadderar og støttespelarar, og når alle stemte i med «Deilig er jorden» klang det både mektig og vakkert. Og etter ein time med julemelodiar var det duka for kos med pølser, frukt og saft, samt prat og sosialt samvere.

No i november og desember gler aspirantane seg til å vere med korpset på speling ved julegrana, på julekonsert i kyrkja og på gudsteneste julaftan.

Etter jul ordnar korpset med eit opplegg for aspirantane slik at dei får ekstra oppfølging og kan vere med på ein del av musikkstykka som korpset spelar utover vinteren og våren.

Skulekorpset har hatt suksess med denne måten å rekruttere medlemer på, og korpset har no halde seg stabilt på rundt 40 musikantar i lang tid.