I barndomen ferierte Frikk Heide Steen, son av den kjende komikaren Harald Heide Steen jr, ofte i Follestaddalen.

Torsdag 23. november tek dirigenten i Sølvguttene turen til Volda kyrkje for å halde julekonsert med eit kor som tel 60 songarar, barn, unge og vaksne.

– Eg skulle jo gjerne hatt konserten i Ørsta kyrkje, men når kyrkja i Volda er ein del større, held vi konserten der. Men eg håper mange ørstingar tek turen, seier Frikk Heide Steen.

Frikk Heide Steen dirigerer Sølvguttene. Foto: Elisabeth Wathne

Øyehaug

Han er godt kjend på våre kantar fordi mora Gullen Øyehaug kjem frå Ørsta.

– Eg har vore ein del på ferie i Follestadalen på garden til morfar min Olav Øyehaug. Garden heiter Øyheim. Vi ferierte også i hytta til mamma i Follestaddalen, fortel Heide Steen jr.

Harald Heide Steen jr, som gjekk vekk i 2008, er far til Frikk Heide Steen. Foto: Privat

Han er både dirigent og dagleg leiar i Sølvguttene, eit kor mange nok har eit forhold til, ikkje minst i jula.

Stemning

Heide Steen lovar ein stemningsfull konsert.

– Er det nokon som kan lage julestemning, så er det Sølvguttene. Vi serverer kjende og kjære songar, ja, alt ein kan ønske seg når ein høyrer Sølvguttene, seier Heide Steen.

35-åringen har sunge i Sølvguttene sidan han var åtte år.

– Pappa song også i Sølvguttene, og vi delte interessa for musikk og storband, spesielt jazz, fortel Heide Steen.

Sølvguttene held konsert i Volda kyrkje Torsdag 23. november. Foto: Elisabeth Wathne

Koret skal på Sunnmøre også halde konsert i Ulsteinvik og i Ålesund.

Frå 16. november til veslejulaftan skal Sølvguttene halde heile 75 konsertar.

– Så det vert ganske «heavy» for dei unge korsongarane, smiler Frikk Heide Steen.

Billettar til konserten i Volda kyrkje kan folk kjøpe på nettstaden solvguttene.no