– No er alt klart og vi kan nesten ikkje vente. Det blir så gøy å få ta med folk inn i tonehimmel igjen, seier Kaja Skatvedt Robak, dagleg leiar i Tonehimmel.

Magnar Åm er kunstnarisk leiar i festivalen som startar 18. juni og strekker seg over ei heil veke med konsertar, samtalearragement, yoga og mykje anna. Kristin Bolstad og Rolf Gupta er fokuskomponistar, i tillegg vert det også framført musikk av ei rekke lokale komponistar: Jorun Marie Kvernberg, Marie Austrheim Riise, Øyvind Lied, Bert Handrick og Sander Andersen.

Det fortel Tonehimmel i ei pressemelding.

Festivalen startar søndag 18. juni med opningskonsert i Hjørundfjord kyrrkje, der ein vert kjende med fokuskomponistane.

Seinare i festivalen vert det konsert i Ekkodalen i Ørsta med mellom anna urframføring av verket “Fjellfoten” av den unge voldingen Sander Andersen - og konsert i Sementfabrikken på Leikong, med to urframføringar av verk av Jorun Marie Kvernberg.

Familiekonsert på den store jonsokfesten på Haueleitet i Volda, konsert i Kalkbrotet på Voksa, og båtkonsert på Rotevatnet, slik som i fjor. Berre for å nemne noko.