Eigentleg hadde ballettskulen tenkt å køyre to show for årets Vintermatiné på Ørsta kulturhus. Men billettane vart rivne vekk i rekordfart, og tilbake sat 150 foreldre og besteforeldre utan moglegheit til å få sjå sin unge håpefulle danse på scena.

Dermed vart det ekstrashow.

Nye 300 billettar vart lagt ut. Dei forsvann minst like fort.

- Det var "Beatles-tilstandar". Det må eg få lov å seie, eg som har den alderen eg har, sa styreleiar og primus motor for ballettskulen, Synnøve Rekkedal Hill.

Heile helga har det vorte dansa på scena. 300 ballettskuleelevar har vist fram kva dei kan og kva dei har lært dei siste seksten vekene. Det er koreografane Elizabeth Withall og Analù Zidko som har koreografert alle dei 31 dansane som vart vist fram, i sjangrane hip hop, jazz, step, moderne ballett og klassisk ballett.

Ballettskulen har rundt 450 elevar, og er blant dei største ballettskulane i landet.

Dei yngste, fem- og seksåringane, har allereie hatt si juleavslutning. Resten stod på scena laurdag og søndag.

- Utan de som publikum hadde vi ikkje hatt råd til å hyre inn dei profesjonelle koreografane våre. Og utan Synnøve Rekkedal Hill og mannen Richard Hill - ingen ballettskule! Tusen, tusen takk, helsa Audhild Gregoriusdotter Rotevatn frå styret.