Mange bur tett på ein nabo, og bur ein i burettslag eller sameige er forholda endå tettare. Burettslagslova og eigarseksjonslova set grenser for kva ein må tole som nabo. Husordensreglar har også ofte reglar for stilletid på kvelden.

–Det er forskjell på kva som er akseptabelt støynivå på nyttårsaftan og på ein vanleg dag. På nyttårsaftan feirar dei fleste det nye året på ein eller annan måte, og det er noko ein må finne seg i, innanfor rimelege grenser. Det er dei urimelege ulempene loven forbyr. At naboen sine gjestar ikkje går heim før ei stund etter midnatt, må vere innanfor grensene, seier advokat i Norsk Boligbyggelag Line C.B. Bjerkek.

Varar festen til langt ut på morgonkvisten, med musikken på full guffe og støyande gjestar ute på balkongen, kan det bli sett på som mishald.

– Mange konfliktar rundt husbråk er rett og slett tankeløyse, så ikkje gløym at du har naboar rundt deg. Får du klager bør du sjå om det er noko du kan gjere. Det er ikkje sikkert festen tek skade av litt lågare musikk eller at gjestane held seg innandørs, seier Bjerkek.

Advokaten oppmodar også om å varsle naboar på førehand om ein planlegg fest.

– Gi naboen moglegheit til å kontakte deg dersom lydnivået blir plagsamt. Ta ein hyggjeleg prat med naboen i trappa, legg ein lapp i postkassa eller heng opp ein lapp i oppgangen der du bur, seier ho.

(©NPK)