Foto: Jonas Otneim

Å realisere draumehuset kan vere ein lang og kronglete veg fylt med utfordringar og kompromiss.

For mange par er det ei prøving å skape ein stad å bu som passar behov, visjon og budsjett.

Løysinga til familien Indrearne blei å pusse opp ein 80-år gammal generasjonsbustad på Vartdal.

Det er ikkje første huset dei har renovert. Paret har tidlegare bygd seg tomannsbustad i Ørsta, og pussa opp to bustadar på Vartdal.