– Etter pandemiåra ser me at den generelle deltakinga i gudstenester er på veg opp igjen når me samanliknar 2022 med 2023, men når det gjeld påskegudstenestene er trenden motsett, seier rådgjevar Andreas Østhus i Statistisk sentralbyrå (SSB) i ei pressemelding.

Det blei registrert 150.000 deltakingar i påskegudsteneste i Den norske kyrkja i fjor. Med unntak av 2020 og 2021, har det aldri vore så få. Til samanlikning var dette talet rundt 200.000 i 2015.

Julegudstenestene held i stor grad stand, og dei har lege på 500.000 deltakingar frå 2015 til og med 2019, Men heller ikkje i desembermånaden har gudstenestene teke seg opp igjen etter pandemien.

Men pila peikar også oppover i Den norske kyrkja. Fleire er med på ulike kyrkjearrangement enn før. Frå 2022 til 2023 auka antalet deltakingar i gudstenester med over 85.000. Det same gjeld for nattverd, babysong og kulturarrangement.

– Det er interessant at den generelle aktiviteten i kyrkja aukar igjen, samtidig som deltakinga i påskegudstenester søkk. Men det er vanskeleg å skulla svara på korfor nettopp påskegudstenestene blei mindre populære frå 2022 til 2023 og om denne trenden vil halda fram, seier Østhus.

(©NPK)