Norsk Ordbok finst no i ei komplett nettbasert utgåve, frå a til å. I tillegg er nytt materiale publisert for første gong sidan Universitetet i Bergen overtok ordboka i 2016.

Det fortel nettstaden pahoyden.no

Norsk Ordbok er noko så unikt som ei dialektordbok og historisk ordbok i eitt, og no i mai finn du heile verket på nett, i første omgang som betaversjon.

– Norsk Ordbok inneheld i prinsippet all mogleg informasjon om ord som har eksistert i det nynorske skriftspråket, og viser orda slik dei er i bruk i dag, og slik dei har vore brukt tidlegare. Ho viser altså utviklinga av skriftspråket over tid. I tillegg dokumenterer ho norsk talemål – dialektane våre – seier språkforskar og ordbokredaktør, Gyri Smørdal Losnegaard til pahoyden.no.

– Om du lurer på korleis ein uttalar ordet mjølk rundt omkring i landet, finn du at ein seier mjalk på Hægebostad, mjøkk i Seljord og milk på Finnøy.

Norsk Ordbok har meir enn 330 000 oppslagsord og er det største ordbok-verket for norsk. Ho byggjer på mange måtar på arbeidet til Ivar Aasen som reiste rundt i landet, samla inn og systematiserte dialektane våre, og på den måten la grunnlaget for det nynorske skriftspråket. Det var Aasen som stod bak den først utgåva av ordboka som kom ut i 1873, medan arbeidet med ordboka slik vi kjenner ho i dag starta på 1930-talet.