Øystein Greni og Bigbang starta allereie i 1992, og har blitt ein institusjon i norsk rock. Mest kjende er dei for songane «Wild Bird», «Girl in Oslo» og «To the Mountains»

På programmet står også Luxus Leverpostei – «fem glade gutter i sin beste alder» - som har halde det gåande i 25 år. Kjende songar:  “Bare 4 år”,  “Plastisk Kirurgi”, mm.

Nynorskens Rammstein, Rammsund, er også klare for Trandal. Dei har som tradisjon å spele headlinerkonsert dagen før tyske Rammstein sine noregskonsertar.

Andre på programmet er The Cocktail Slippers og norsk-islandske MAK.

Og så har vi dei lokale banda Silver Trail og Backstage Girls, som begge består av gamle travarar frå rockemiljøet I Ørsta-Volda.