Ei sylje på bunaden til kronprinsesse Mette-Marit. Sylja har tolv skåler. Skålene kan representera fleire ting, mellom anna fruktbarheit. Tolv er deleleg på både tre og fire. Kanskje har denne sylja ein skjult symbolikk, som for oss i dag ikkje er like openberr som for hundre år sidan. Foto: Lise Åserud / NTB / NPK

Me pryder oss med det til alle slags høgtider, men korfor brukar me eigentleg bunadsylv?

Bunadsylvet fylgjer oss frå konfirmasjonen, til giftarmålet og andre festhøgtider. Før i tida hadde dei ulike krusedullane og utsmykkingane på dette sylvet ei særeigen symbolsk tyding.