– Svindelforsøka blir stadig meir utspekulerte og får utsjånad som blir svært truverdig. Det gjer at folk må vere ekstra på vakt når det tilsynelatande kjem meldingar frå til dømes oss i Skatteetaten med lenker eller innlogging, seier direktør for tryggingsstaben i Skatteetaten, Ragna Fossen, i ei pressemelding.

E-postar eller tekstmeldingar med svindelforsøk har ei utforming der logoar og fargar gjerne er heilt like offentlege etatar som dei gir seg ut for å vere frå. Då er det ein ting som er ekstra viktig å vite:

– Skatteetaten sender aldri uoppmoda ut lenker som du skal klikke deg inn på, og vi ber ikkje om direkte innlogging. Vi etterspør heller ikkje bank- eller kredittkortopplysningar på sms eller e-post, seier Fossen.

E-post eller meldingar med QR-kodar som skal skannast blir også stadig meir vanleg. Dei kan leie deg til nettsider som samlar sensitive opplysningar om deg eller spreier skadeleg programvare.

I desse dagar, når folk ventar på skattemeldinga si, er svindelforsøka ekstra utbreidde.

– Phishingforsøk aukar i Noreg og globalt, men heldigvis er medvitnivået, skepsisen og kompetansen i befolkninga generelt forbetra. Likevel endrar også svindlarane taktikk og mange blir framleis lurte til å klikke på lenker, seier Fossen.

* Sjå nøye på e-postar og sms-ar du får. Ta ei kritisk vurdering av e-posten/sms'en og sjekk avsendaren. Kan dette vere rett? Sunn skepsis er aldri feil.

* Samanlikn avsendaradressa med tidlegare ekte e-postar/sms-ar. Dei kriminelle blir stadig flinkare til å etterlikne logoar, fargar og språkføring. Sjå difor spesielt etter falsk avsendaradresse, dårleg språk og stavefeil.

* Ver særleg merksam viss du i ein e-post/sms blir beden om å oppgi sensitive opplysningar som kontonummer eller tryggingskodar. Det vil Skatteetaten aldri be deg om på e-post eller sms.

* Ikkje opne vedlegg frå ukjende og klikk ikkje ukritisk på lenker, heller ikkje dei du får opp når du søkjer sjølv på internett. Skriv heller inn internettadressa skatteetaten.no i nettlesarvindauget ditt.

* Er du i tvil, dobbelsjekk med den rette avsendaren på til dømes Skatteetaten.no eller ring dei på 800 80 000.

(©NPK)