lystadhjørnet: Motiv frå slutten av 1920-åra. Lystadhuset, som vart bygd i 1903, har romsleg hage avgrensa av eit solid gjerde. Huset vart i 1915 skudd opp for å gi plass til forretning i kjellaren. T.h. stikk Liadalhuset fram. I dette huset dreiv Reidar Lystad R. Lystads Manufakturforretning, etablert i 1907. Foto: Ørsta-album/Olav Lystad