Ja her er det storbryllaup! Og her er det tydelegvis skikkeleg fest også. Her er spelemann og kjøkemeisteren viser fram eit spann (der det er/har vore øl?).

Originalen til dette flotte biletet fann vi hos Olav Lystad, men det er ikkje han som har tatt det. Møre-Nytt måtte ha hjelp frå Viti/Audhild G. Rotevatn for å kome på rett spor. Det viser seg at ein kopi heng på Brudavolltunet, og det burde vi sjølvsagt visst.

Det er ikkje berre motivet som er spesielt, men også den tekniske kvaliteten på biletet. Her er 70 personar, og alle ansikta viser tydeleg når vi forstørrar opp.

Bryllaupet vart feira på garden Ivarhaugen jonsokaftan 1896, der brura Inger Ivarsdotter Follestad kjem frå. Brudgomen er Jørgen Toreson Follestad. Foreldra til brura er Iver og Berte Marie, medan foreldra til brudgomen er Tore og Johanne. Kjøkemeister er Anders Bjørdalsbakke. Spelemannen er Mads Sætre frå Vartdal.

Brudeparet busette seg på Nordre Vartdal, der brudgomen dreiv handel. Dei fekk ei dotter før ulykka råka: I 1901 fekk Jørgen tæring og døydde. Broren Elling overtok handelen, men også han døydde ung, då han forliste og drukna i Vartdalsfjorden.

Inger var yngst i søskenflokken, men overtok likevel garden i Follestaddalen. Ho gifta seg opp att med Peder Solheim, og deira son, Jon, overtok Iverhaugen. Desse opplysingane har Edel Roald kome med, og ho legg til at ho gjerne vil ha kontakt med folk som veit meir om biletet.

Apropos nye opplysingar: Førre tysdag hadde vi eit bilete av ein som tok opp poteter på Ose. Karin Ose opplyser at mannen mest sannsynleg er «Gamle-Peter». Det vil seie Peter Melle, som budde på tunet som framleis står rett nedom Osbrua. Han var fødd i 1877, og døydde i 1971.