Unni Lundgren skjønte raskt at funnet av flintdolken på Sandane var innleveringspliktig og leverte han til Vestland fylkeskommune, står det i ei pressemelding.

– Dolken er ein såkalla type I-dolk, som er omtrent 4200 år gammal. Slike dolkar var truleg statussymbol, og det var ikkje alle som var så heldige å ha ein slik gjenstand for 4000 år sidan. Dei vart gjerne lagt ned som gravgåver eller som offerfunn til høgare makter, fortel Per Christian Burhol, arkeolog og saksbehandlar i fylkeskommunen.

Burhol har sjølv brukt fleire år på å lære seg handverket med å lage flintreiskapar slik det vart gjort i steinalderen, og har no laga kopi av funnet som eit minne til Lundgren.

Metoden for å hogge til flintreiskap vert kalla flintknakking og er ein av dei eldste handverka vi kjenner til.

Flinten kopien er laga av er henta i Danmark, noko som truleg også gjeld originalen, då flint ikkje finst naturleg i Noreg.

(©NPK)