Etter initiativ frå Hjørundfjord sokneråd vert det arrangert Barnefestival på Sæbø søndag 17. juni.

– Vi hadde lyst til å gjere noko kjekt for ungane og at dei skulle få sitt eige arrangement. Det finst mange flinke barnekor i kommunen og vi hadde lyst til å samle dei til ei flott konsertgudsteneste, seier Espen Aarseth.

Hjørundfjord barnekor, Ørsta Soul Children, Non-stop frå Volda, PopKorn frå Vartdal og DesiBelle kjem alle til Barnefestivalen på Sæbø.

– Dette er kjempeflinke kor som halde på ei stund. PopKorn frå Vartdal er heilt nystarta og det veldig kjekt å ha med dei på Barnefestivalen, seier kantor Marie Austrheim Riise.

Arrangøren trur at konsertgudstenesta vil passe for mange og ser fram til mykje musikk og glede i kyrkja på Sæbø.

– Det skal bli kjekt å vere med på og kjekt å høyre på. Alle barnekora får presentere sine songar med solistar. Vi har og med band og det vert profesjonell lyd og lys. Det er stas for ungane å ha dei rammene, seier Austrheim Riise.

Under Barnefestivalen vil det også tilsnitt frå Himalaya.

– Det vil bli informert om ein organisasjon som heiter HimalPartner som kyrkjelyden støtter. Dei er ein bistandsorganisasjon og det vil og bli eit internasjonalt fokus under arrangement. Det blir fleire familiar frå Nepal og Himalaya-området på Sæbø og i Ørsta, seier Aarseth.

Under Barnefestivalen vil også bli arrangert misjonstivoli.

– Dette er artige ting å gjere for ungane. Det kostar lite for å ta del, men pengane som kjem inn går til ei god sak. I tillegg blir det sal av mat, også nepalsk mat. Det er mykje kjekke aktivitetar vi legg opp.

Arrangøren har von om vêret vert bra søndag.

– Vi har von om at det kan bli bra med folk og det er ein fin familieaktivitet på ein søndag, seier Austrheim Riise.