Det er meininga at årskorta skal inngå i ei kommunal utlånsordning, anten gjennom Frivilligsentralen eller flyktningkontoret.

Viti har desse musea: Sunnmøre museum, Ålesund Kunstmuseet KUBE, Jugendstilsenteret, Naturmuseet i Sykkylven, Møbelmuseet i Sykkylven, Fiskerimuseet i Ålesund, Middelaldermuseet og museum i Hornindal, Volda og Ørsta.

– No ynskjer Viti å delta aktivt for å gje alle eit kulturtilbod, med ekstra fokus på flyktningar og den krevjande situasjonen i Europa, seier Audhild Gregoriusdotter Rotevatn i Viti i ei pressemelding.

Viti understrekar at dette tilbodet ikkje berre gjeld ukrainske flyktningar, men alle flyktningar og innbyggarar som av ulike grunnar treng eit slikt tilbod.