Det var i alle fall nesten slik. Likskapen var til tider slåande då dei 32 ungdomsskuleelevane inviterte familie og vener til show i gymsalen før helga. Showet hadde fått namnet «I Sofakroken», basert på den norske TV-programmet «Sofa» på NRK. Her sat ungdomane som ungdomar flest, og diskutere ulike verdsproblem, TV-program og TV-personlegheiter, som så vart parodiert og spelt til live på scena av elevane sjølve. Alle imponerte, men mest av alt var Sølve Rem Haugen si tolking av Oluf i Rallkattlia ein høydare. Det er truleg berre Oluf sjølv kan spele den rolla betre. Sketsjen «Farskapssaka» sat som eit skot, og både lensmann, Oluf og «sonen» Lars var i sitt ess, på klingande nordlandsk.
Like flott var Johan Wille i rolla som ein irritert Lothepus, kjent frå m.a. Farmen kjendis og Fjorden Cowboys, saman med kompanjong Joar (Matias Ville) Det heile enda med at dei sprengde Kari Jaquesson (Karoline Dimmen) i lufta. Dei som kjenner til den historia, frå Farmen-kjendis, vil nok forstå kvifor.
Ungdomsskuleelevane ved Sæbø skule har invitert til revy i ei årrekke. I år har dei brukt seks heile dagar på å førebu det rikhaldige programmet. For åttandeklassingane Emma Pauline Elvestad, Malin Pedersen Høydalsnes, Marthe Helene Nyland Holen og Julianne Heggen var det første gongne dei var med. Nervane sat laust, men på scena var dei trygge som få.
– Det er så gøy! Og så skummelt!
Musikk på høgtalarar var unødvendig, all den tid det er kamp om plassane bak instrumenta ved scenekanten. Jammen kan dei å spele også, og å synge.
– Eg er så imponert, og har kosa meg utruleg mykje. Eg har tårer i auga, helsar Janine Berg, som overvar showet.