– Vi har kulturprogram på dei fleste stoppa, som passar for barnehagebarn, litt større skulebarn og familiar, seier fylkesbiblioteksjef Annette Elin Koch.

24. januar legg Bokbåten Epos til kai på Vartdal, og 25. januar får Sæbø, Bjørke og Barstadvik besøk. På Folkestad legg båten til kai 26. januar, og Austefjord, Dravlaus og Lauvstad får besøk 27. januar.

Nye bøker og temasekk

– Mange nye bøker er kjøpt inn, og vi har med oss Temasekken Steinalder. Denne er heilt ny! I tillegg har vi med Temasekken Samane, Temasekken Småkryp og Stjernesekkane, fortel Koch. Sekkane passar for elevar på 1.–4. trinn og kan lånast av lærarar til bruk i undervisning. Om bord er det og boksekkar til formidling i barnehagar.

På sørturen er det skodespelar Astrid Elise Sæterøy, med «Bolletjuven og andre eventyr» som står for kulturprogrammet. Kvar finn ein Bolletjuven? Korleis ser han ut? Kan ein golvmopp bli ein prins? Desse spørsmåla, og mykje anna, får borna svar på i løpet av ein leiken halvtime med Astrid.