Ørsta kunstlag meiner dei har betalt 11.157 kroner for mykje i vassavgift. Årsaka er at vassmålaren vart fjerna etter ein vasslekkasje i 2015, og sidan har det vorte krav avgift etter stipulert forbruk.

Ørsta kommune har vedgått at kunstlaget har krav på refusjon, då det ikkje vart installert vassmålar etter lekkasjen i 2015.

Men kommunen vil ikkje refundere heile kravet.

Kommunen meiner kunstlaget har ei objektiv plikt til å lese av vassmålaren, og burde ha oppdaga at ikkje alt var slik det skulle vere.

Difor har kommunen kome til at det vert refundert 8. 474 kroner.