Forfattar: Reidun Aambø heime i Hans Strøm-vegen i Volda. Her har ho jobba fram boka «Kvinner i Ørsta og Volda». – Eg vil at desse kvinnene skal verte huska. Om vi ikkje skriv det ned no, vil mange verte gløymde. Langt fleire burde fått plass i boka, seier ho. Foto: Janne-Marit Myklebust

– Eit tidsbilde frå kvinneperspektiv

– Vi har mangla den lokale kvinnehistoria. Kvinner i notid og nær fortid bør løftast fram, dei må ikkje verte gløymde.