– Sist gong Ole Paus hadde konsert på Folkestad, leverte han ein magisk konsert. Det er ingen grunn til å tru at det ikkje vert sameleis når han no skal ha med seg parhest Jonas Fjeld, seier brørne Oddemann og Roy-Arne Folkestad.

Dei står som arrangør av nok ein storkonsert i heimbygda Folkestad der Odd Nordstoga tidlegare i haust samla fullt hus. Slik har det vore alle gongane brørne har arrangert konsertar, der Ole Paus, Olav Stedje, Benny Borg, Jan Eggum, Jo Nesbø og Odd Nordstoga alle har samla eit stort publikum frå fjern og nær.Ole Paus og Jonas Fjeld har begge bak seg to særs solide karrierar på kvar sin kant.

Paus er omtala som Noregs «nasjonaltrubadur» og songen «Mitt vesle land» som «den nye nasjonalhymnen».

Som soloartist har også Jonas Fjeld gitt ut ei rekkje plater og han vann i 1994 Spellemannprisen for albumet «Nerven i min song».Saman har To rustne herrer gitt ut platene «To rustne herrer» (1996), «Damebesøk» (1998) og «Tolv rustne strenger» (2003).

Ein konsert med desse artistane handlar om både humor og alvor, og ein stor dose av det beste innan norsk musikk.

- Billettane til konserten vert lagt ut i god tid før jul. Dette kan vere ei fin julegåve, seier Folkestad-brørne.