Nyleg kunne Ørstakoret endeleg syne fram siste nytt i klesmotar igjen.

Moteframsyninga var i samarbeid med butikkane Vienna Mote, More Woman, Skin Tonic Volda og Aandahls Ørsta. Den siste hadde også med motekle for menn.

Det var godt frammøte og fin stemning, og fleire menn enn på lenge.

Koret opna med tre songar,to var tonesette av dirigenten vår, Roar Goksøyr Lillebø, og ein var arrangert av Terje Aarset.

Jarle Johnsen stilte i antrekk frå Aandahls, og informerte publikum ledig om moteplagga kormedlemene presenterte, så folk fekk både humre og le.

Terje Aarset sytte for fin pianomusikk til heile motevisinga.

I kaffipausen fekk folk forsyne seg frå eit velfylt matbord. Det var også loddsal, og praten gjekk som vanleg lett rundt borda.

Eit triveleg sosialt møtepunkt.